Ny storseier til småjentelaget i kveld

Tambar Fotball sitt småjentelag tok nok ein storseier då dei møtte Høyang på Naustdal stadion i kveld, og vann kampen heile 10-1.
Sist veke vann laget heile 14-0 mot Lavik på bortebane, og kjempar heilt i toppen av tabellen ilag med Askvoll/Holmedal og Gaular.

Kampen mot Høyang i kveld, hadde jentene kontroll på frå start, og leda 2-0 allerede etter få minuttar. Til pause var stillinga 5-0, og med like mange mål i andre omgang, vart det ein ny storseier for Tambarjentene.

God dommer var Samson Vonen.

Bilder frå kampen: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/SMJTambarHYang280514

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse