God sesongstart for småjentelaget

Tambar Fotball sitt småjentelag har fått ein god start på årets sesong, og ligg heilt i toppen på tabellen etter sine tre første kampar.
Jentene åpna sesongen med 2-2 på bortebane mot Førde, der laget stilte med få spelarar til kampen og spela heile kampen med ein spelar mindre enn motstandarlaget.

Heime mot Eikefjord tok laget sin fyrste seier for året, då dei vann med konfortable 8-4.

Tirsdag kveld var jentene til Dale, og kunne returnere til Naustdal med ein flott 5-1 seier, etter scoringar av bursdagsbarnet Elise, Lena og Nikoline.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse