Småjentelaget spela uavgjort med ein spelar i manko

Også Tambar Fotball sitt småjentelag starta sesongen fredag kveld. Laget spela bortekamp mot Førde i sin fyrste kamp for året, ein kamp spelarar og trenar Tore Personbråten kan være svært nøgd med.

Tambar fekk fråfall til kampen i ein allerede tynn stall, og spela heile kampen med ein mindre spelar. Difor er det imponerande at Tambarjentene makta å hente heim eit poeng, etter at kampen enda 2-2 og uavgjort. I tillegg til dei to måla Lena Einevoll scora, hadde Tambarjentene fleire stolpeskot og kunne med meir tur ha teke med seg alle tre poenga.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse