SMJ: God kamp av Tambar då dei slo Jølster 2

Småjentelaget til Tambar Fotball og Jølster 2 møttes til kamp på Naustdal stadion i kveld, der Tambarjentene varta opp med mykje flott fotball.

Det var gjestane frå Jølster som kom best i gang, og laget var frampå og tok leiinga berre etter få minuttar spel.
Tambarjentene tok etterkvart meir over spelet, og kom etterkvart til ein del store sjansar. Det var fullt fortent då laget endeleg fekk si utligning til 1-1 på slutten av omgangen. Dette ver også resultatet til pause.

I andre omgang gjekk Tambar raskt opp i 2-1 leiing, og fortsatte med mykje bra spel og skapte mykje framfor målet til Jølsterkeeperen. Med trøkket jentene hadde på gjestane no, måtte det berre bli fleire mål til det gode Tambarlaget.

Ytterliggare tre nye scoringar vart det til Tambar, som med det kunne gå av bana med ein konfortabel 5-1 seier.

Vi gir skryt til alle spelarane i dag, som spela ein god kamp og stod på kampen igjennom. Måla til Tambar var scora av: Elise (2), Sandra, Nikoline og Ingrid.

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/SMJTambarJLster2270913

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse