SMJ: God kamp av Tambar trass tap

Småjentelaget møtte tabelltopp Gaular til kamp på Naustdal stadion torsdag kveld, og viste mange gode takter sjølv om det vart eit 2-6 tap.

Tambar tok leiinga i kampen midtvegs i første omgang, men gjestane frå Gaular slo hardt tilbake med tre scoringar. Laga gjekk til pause med 3-1 leiing til bortelaget.

I andre omgang fekk vi samme reultat som i første, nemlig 3-1 til Gaular. Dermed enda kampen med eit 2-6 tap for Tambar.

Sjølv om Tambar tapte med mange mål, var det ein jamnare kampe enn resultatet viser. Tambar hadde mange sjansar å score, men ballen var ikkje heilt venn med jentene i denne kampen.
Kredit til begge lag som spela mykje fin fotball i denne kampen.

Jørgen Helgheim hadde full kontroll som pipeblåsar.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse