Småjentelaget nær seier mot Jølster i kveld

Tambar Fotball sitt småjentelag spelte tirsdag kveld bortekamp mot Jølster, og spela ein god kamp og var nær å ta med 3 poeng tilbake til Naustdal.

Det unge småjentelaget til Tambar var det beste laget, og hadde seieren nesten i lomma 10 minutter før kampslutt. Då leia dei nemleg 4-2 mot dei eit-to år eldre Jølsterjentene. Men uten innbyttarar vart det tungt dei siste minutta og heimelaget fekk sett inn to mål på slutten av kampen.

Dermed vart sluttresultatet 4-4 og poengdeling mellom laga. Til pause var stillinga 2-2.

Trenar Tore Personbråten er nøgd sjølv om laget ikkje klarte å stå heilt inn. Jentene spela bra og gjorde ein flott innsats, men uten innbyttarar vart det for slitsomt til at det holdt heilt denne gongen. Elles er han imponert over det unge laget sitt som viser lite respekt for dei eldre jentene frå Jølst.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse