Tambar G14 vann Lerum Cup

Bilde: Tambar G14 etter finaleseieren på Lerum Cup. Foto: Svein A.Nordheim.

Tambar G13 vann bronsefinalen i B-sluttspelet.

Tambar G13 og Tambar G14 deltok denne helga i årets Lerum Cup, og begge laga gjorde sine saker bra, i cupen som vart avslutta på mandag kveld.

Tambar G14 vart vinnar av pulja si, etter tre seierer av tre mulige. I a-sluttspelet fortsette laget sin seiersgang og vann finalen mot Aksla 1-0 på Fosshaugane Campus.

Innleiande kampar Tambar G14:
Loddefjord-Tambar 1-3
Tambar-Ørsta 5-1
Kaupanger-Tambar 0-4

A-sluttspel Tambar G14:
Kvartfinale A: Tambar-Stranda 2-0
Semifinale A: Tambar-Hafslo 5-3
Finale A: Tambar-Aksla 1-0

Tambar G13 fekk ein litt tøffare start i dei innleiande kampane, men tok seg vidare til b-sluttspelet. Her spelte laget seg fram til bronsefinalen, som dei vann heile 7-2 mot Sædalen.

B-sluttspel Tambar G13:
Kvartfinale B: Bergen Nord-Tambar 3-4
Semifinale B: Førde 3-Tambar 3-1
Bronsfinale B: Tambar-Sædalen 7-2

Vi gratulerer laga med ein flott innsats inne i fagre Sogn!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse