Tambar G13/14 vann toppkampen mot Førde 1

Bilde: Frå dagens kamp mellom Tambar og Førde 1.

Etter seieren ligg Tambar åleine på toppen av tabellen, tre poeng foran Førde 1.

Både Tambar og Førde 1 stod begge med full pott etter dei tre første seriekampane, før kveldens toppkamp i G13/14 avdeling 2 på Naustdal stadion.

I ein jamnspelt kamp, var det Tambar som gjekk opp til 1-0 etter scoring av Truls Savland Røyseth.
Tambar hadde fleire gode angrep og muligheit til å auke leiinga i denne perioden. Men i staden for fleire Tambarmål, tok Førdegutane meir over og sette inn to kjappe mål, og snudde kampen til 2-1 leiing.

Men på tampen av omgangen sendte Simon Dobbe Personbråten avgårde ein fin-fin pasning til Hallvard Edvardsen Sagevik, som ikkje gjorde nokon feil og utligna til 2-2, før dommer Bjørn Hundershagen blåste av til pause.

Det vart også ein jamnspelt andre omgang mellom dei to laga som låg likt på tabellen før dagens kamp. 
Men med nok ein flott assist, denne gongen frå Nikolai Førde Ramsdal, kunne Hallvard sette inn si andre scoring for kvelden, og Tambar sin tredje. 
Dermed enda kampen 3-2, og dei tre poenga vart dermed att i Naustdal.

G13/14 11er avd.2
Tambar-Førde 1 3-2 (2-2)
1-0 Truls Savland Røyseth
1-1 Førde 1
1-2 Førde 1
2-2 Hallvard Edvardsen Sagevik (Simon Dobbe Personbråten)
3-2 Hallvard Edvardsen Sagevik (Niokolai Førde Ramsdal)

God dommer: Bjørn Hundershagen

Tabell G13/14 11er avd 2

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse