God kamp av Tambar trass tap

Tambar G13/14 11er tapte 1-2 mot Stryn, men kunne fort teke poeng etter ein god 2.omgang.

G13/14 11er 1.divisjon

Tambar-Stryn 1-2 (0-2)

0-1 Stryn
0-2 Stryn
1-2 Truls

God dommer: Odd-Kaare Nøstdal

Tambar G13/14 sitt 11er lag speler haustsesongen i 1.divisjon, og vil framover møte gode lag som Førde 1, Dale, Florø og Stryn.

Onsdag kveld starta Tambargutane haustsesongen på Naustdal stadion mot Stryn. Dette laget møtte Tambar også i vårsesongen, eit lag som hovudsaklig består av 14 åringar. Kampen i vår enda med 6-2 seier til Stryn.

Tambar var nære på å ta leiinga i onsdagens kamp, då Hallvard på eit flott raid oppover venstrekanten var nære på å lukkast. Men keeper var på plass og fekk avverga i siste sekund.
Utover omgangen tok eit godt bortelag over og berre ein god Tambarkeeper holdt laget inne i kampen ei god stund. Men eit langskot og eit velplassert treff frå kanten kunne ikkje keeper gjere noko med, og Stryn kunne gå til pause med 2-0.

Pausepraten hadde tydeligvis gjort bra for Tambarlaget. For det var eit mykje meir aggresivt og påskrudd lag i andre omgang. Laget fekk ein god start då Truls kom seg fri og plasserte ballen kontrollert til sides for keeper og i mål.

Utover omgangen kom Tambar til fleire målsjanser, blant anna hadde Hallvard eit skot i tverrliggar på slutten av kampen. Men fleire mål vart det ikkje, og Stryn drog difor med nød og neppe heim ein 2-1 seier.

 

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse