Tambar vann borte mot Dale 15.mai

Bilde: Frå kampen Dale-Tambar g13/14 7er. Foto: Bjørn-Ole Hjørnevik.

Tambar G13/14 sitt 7er lag viste høg lagmoral og god innsats då laget vann bortekampen tysdag.

SMG 7ar

Dale-Tambar 6-9 (2-4)

Tambar G13/14 sitt 7ar-lag spelte tysdag ettermiddag bortekamp mot Dale. Kampen gjekk på ei veldig lita kunsgrasbane ved ungdomsskulen, noko som var med på å prege kampen.

Dale stilte med ein del fysisk store spelarar, så det vart ikkje så mykje rom å boltre seg på for dei tekniske Tambar-spelarane.

Dale kom best i gang, og leia både 1-0 og 2-1. I tillegg hadde dei fleire store sjansar, men Tobias hadde fleire gode beinparadar som heldt oss inne i kampen. Midtvegs i første omgang kom Truls innpå, og då vart det fart på målscoringa.
Andre halvdel av første omgang putta Hallvard eitt og Truls to mål slik at vi kunne gå til pause med ei 4-2 leiing.

Utover i 2.omgang bølgja kampen mykje med mange mål og store sjansar i begge endar. Ein sjåverdig kamp for den nøytrale tilskodar.  Kampen enda til slutt 6-9 i favør av Tambar, noko som viser at Tambar-gutane har høg arbeidsmoral og kan kjempe og krige når det er nødvendig.

Målscorarar:

Truls (6), Hallvard (2), Marius (1)

Ref.: Bjørn-Ole Hjørnevik

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse