Tambar tapte mot Stryn

Bilde: Martin og Sander rydde her godt opp i forsvar.

Tambar G13/14 møtte eit godt lag frå Stryn på Naustdal stadion onsdag kveld, i sin fyrste 11er kamp på heimebane.

G13/14 11er
Tambar-Stryn 2-6 (0-3)

Mål Tambar: Hallvard og sjølvmål.

Dommer: Tristan Bergsby Carlsen

Det er mange år sidan Tambar Fotball stilte med 11er lag i småguteklassen, og det var difor mange publikummarar som hadde teke turen til stadion i sommarvarmen onsdag kveld.

Motstander i kveldens kamp på Naustdal stadion var Stryn, eit lag som blant anna hadde mange spelarar i troppen som seinast i fjor vart kretsmester i 11er serien.
Og det var gjestane som hadde det beste banespelet i fyrste omgang, sjølv om måla var litt av den heldige sorten.
Med litt meir tur for Tambargutane i denne omgangen, kunne laget fort ha scora både 2 og 3 mål. Blant anna spelte Bendik seg heilt igjennom Stryneforsvaret, men i duellen med Strynekeeperen, var det sisteskansen til Stryn som kom seirande ut.
Ein susar frå Martin kunne fort blitt kveldens mål, då han frå 18 meter sende av gårde ei kanon som strauk på utsida av tverra.

I andre omgang vart det noko betre utteljing for Tambar, som kunne notere seg for to scoringar, ei ved Hallvard og eit sjølvmål av Stryn. Særlig dei siste 10-12 minutta løfta Tambarlaget seg bra.

Allerede lørdag er det ny kamp for Tambar, då dei møter Florø på bortebane.

 

Bilder frå kampen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse