Tambar vann 7-0 mot Gaular

Bilde: Frå kampen Tambar-Gaular. Foto: Bjørn-Ole Hjørnevik

Seks spelarar kom på scoringslista då Tambar G13/14 7er vann mot Gaular på stadion tysdag kveld.

G13/14 7er
Tambar-Gaular 7-0 (3-0)

Det vart ein ny siger på 7ar-laget då dei møtte Gaular til dyst på stadion tysdag kveld.

Tambar dominerte stort i første omgang utan å få den heilt store utteljinga på sjansane. Etter at Sander gav Tambar leiinga 1-0 etter 5 min., kom ikkje neste scoring før i 27.min der Isak avslutta etter vakkert Tambar-spel. Simon la på til 3-0 eit par minutt etter, og Tambar kunne gå til pause med 3-0.

Då hadde bl.a Davide hatt ein i stolpen, og Matias ein dobbeltsjanse der første gjekk i stolpen, og den andre i tverra.

I begynnelsen av 2.omg. kom Gaular meir med i kampen, og det jevna det seg litt meir ut. Men det var Tambar som scora nok ein gang ved Matias etter 40.min.

Dette sto seg fram til ca. 50 min, då Benjamin klinte til med dobbelscoring på to min. Like etter scora Thomas, og Tambar kunne dermed gå av bana med 7-0 siger.

Periodevis veldig bra pasningsspel av gutane. Tydeleg at dei ser etter gode løysingar, tar gode valg og er flinke til å hjelpe medspelarar.
Bra jobba av samtlege!

Slik kom måla:

5.min. 1-0 Sander
27min. 2-0 Isak
30.min. 3-0 Simon
40.min. 4-0 Matias
48.min. 5-0 Benjamin
50.min. 6-0 Benjamin
51.min. 7-0 Thomas

Ref.: Bjørn-Ole Hjørnevik

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse