Storseier til smågutane sitt 7er lag

Bilde: Isak scora dagens fineste mål, med ein elegant lobb over keeper.

Det vart mykje spel mot eit mål då Tambar sitt smågutelag møtte Jølster til kamp i 7er serien tysdag kveld.

G13/14 7er

Tambar-Jølster 15-2

Dommer: Benjamin Gauksrud

Smågutane sitt 7ar-lag tok sin andre siger etter at Jølster vart slått heile 15-2 på Naustdal stadion tysdag kveld. Det vart einvegskøyring stort sett heile kampen med unntak av heilt mot slutten der Jølster scora eine målet sitt, i tillegg til at Lars Iver hadde fleire flotte redningar.

Tambar viste periodevis flott spel med hurtige kombinasjonar og bra pasningsspel, sjølv om enkelte spelarar kan bli endå flinkare til å bruke medspelarar i staden for å føre ball av og til.

Men alt i alt ein solid kamp av samtlege Tambar-spelarar, og 7ar-laget har no scora 24 mål på dei to første kampane. 7 spelarar kom på scoringslista, der spesielt Isak sin lobb må nemnast som dagens vakraste.

Her er målscorarane:

Simon (3), Truls (3), Martin (2), Hallvard (2), Benjamin (2), Isak (2), Marius (1)

Ref.: Bjørn Ole Hjørnevik

 

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse