Jevnt i seriefinalen mellom Tambar og Skavøypoll

Bilde: Frå kampen Tambar-Bremanger tidligare i år.

Tambar G13/14 9er hadde mandag kveld sjansen til å bli avdelingsvinner i 1.divisjon avd.2, men då måtte dei ha seier mot kveldens motstander, Skavøypoll.

G13/14 9er 1.divisjon avd.2
Tambarskjelvar - Skavøypoll 2-3 (2-2)

Det var duka for seriefinale på Naustdal stadion i 1. divisjon klasse SMG 9ar mellom Tambarskjelvar og Skavøypoll. Til tross for at surt og kaldt vêr var det mange som hadde teke turen i duskeregnet. Status før kampstart var at både Tambarskjelvar, Florø og Skavøypoll hadde 19 poeng. Vi med klart best målskinad. Med siger i kveld ville vi ha vunne avdelinga og fått høve til å kjempe om KM-tittelen i 1. divisjon.

Vi var i fyr og flamme frå avspark av. Det første kvarteret handlar alt om oss i gult. I det 12. minutt får vi 1-0 etter ein lekker stikkar frå Nordbotten til Magnus som lobbar ballen over backen og bankar ballen i nettet bak ein forfjamsa keeper. Minuttet seinare doblar vi leiinga. Bendik, Fredrik og Kristen pressar høgt i bana på høgrekanten. Bendik vinn ballen og trer igjennom Fredrik som doblar leiinga. Ein kanonstart!

Skavøypoll reduserer så på eit hardt skot frå distanse som lurer seg inn ved lengste stolpe. No bølgjer spelet litt fram og tilbake. Vi trøkker på for å få nummer tre, men det vil seg ikkje. Skavøypoll utliknar etter halvtimen. Resultatet står seg til pause.

Det er temperatur ute på bana. Det gåast til i duellane frå begge lag. Innsatsen til gutane er upåklageleg, men spelemessig lugga det litt for oss mot slutten av første halvleik. Vi prøver å mobilisere til å gå ut med same intensitet frå avspark i andre omgang.

Det blir ein jamspela omgang med sjansar til begge lag. Skavøypoll trekk det lengste strået, og skårar på eit frispark frå distanse. Vi køyrer på dei siste minuttane. Vi kjem oss rundt på kant ved fleire høve, men det blir ikkje noko slutt produkt av det.

Vi er stolte over det laget har prestert i år. Gutane har vore tru mot spelestilen vår og møtt opp til treningar i alskens vêr. I kveld ga gutane alt dei hadde.

Florø vann sin kamp 5-2 over Breimsbygda. Med betre målskinlad enn Skavøypoll er det gutane frå kystbyen som trona øvst på tabellen. Vi gratulerer dei med avdelingssiger og ønskjer dei lukke til i KM-finalen der dei møter Gaular som vann avdeling 1.

Kveldens dommar: ingen ringare enn Bjørn Hundershagen.

Ref.: Espen Langedal.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse