Tambar spelar om avd.vinnar-tittel og KM-finale mandag

Bilde: SMG 7er og 9er sesongen 2017.

Vi oppfordrer alle til å ta turen oppom Naustdal stadion mandag kveld!

Mandag kveld spelar Tambar Fotball sitt smågutelag om avdelingsvinnar-tittelen i klasse G13/14 9er avd.2, når laget i sesongens siste kamp møter Skavøypoll på Naustdal stadion.

Tambar har hatt ein god haustsesong, etter at laget rykka opp i 1.divisjon. Med Håkon Svoen og Espen Langedal som trenarar for laget, har gutane lege på toppen av tabellen frå fyrste dag i ein jamn avdeling.

Før siste kamp er det tre lag som har 19 poeng. Foruten Tambar, har også Florø og Tambar sin motstander mandag, Skavøypoll, like mange poeng. Desidert best målskilnad er det Tambargutane som har, men laget må alikevel trulig vinne kampen mot Skavøypoll for å sikre seg avdelingsvinner-tittelen.

Vinn Tambar sin kamp, og blir avdelingsvinner, vert det nok ein kamp for gutane. Då skal laget ut mot vinnar i klasse G13/14 avd.1 og spele om den gjeve KM-tittelen.
Mest trulig er det Gaular som vert motstander i ein eventuell KM-kamp.

Kamp om avdelingsvinner-tittelen og retten til å spele KM-finale

Mandag 30.oktober kl.19:00
G13/14 9er
Tambar-Skavøypoll
Dommer: Martin Hukset

Vi oppfordrer alle til å ta turen oppom Naustdal stadion mandag kveld!

Tabell G13/14 9er 1.div avd.1
Tabell G13/14 9er 1.div avd.2


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse