God innsats trass bortetap mot Gaular

Bilde: Vått og kaldt i kveldens kamp. Foto: Bjørn-Ole Hjørnevik.

Tambar G13/14 7er, med tre 05 spelarar på laget, tapte knepent i bortekampen mot Gaular tysdag kveld.

G13/14 7ar
Gaular 2 - Tambar 7-5
Sande stadion

7ar-laget tapte i kveld 7-5 mot Gaular 2 i kveld på Sande stadion. I eit ufyseleg vær med regn og vind spelte Tambar i store periodar jamnt med eit bra Gaular-lag.

Midt i 2.omg køyrde derimot Gaular på, og leia 7-3. Tambar kom bra med mot slutten igjen med to reduseringar, men klarte aldri å hente inn att denne leiinga.

Pga stort fråfall måtte Håvard, Truls og Sander stille opp frå 05-gjengen. Dei klarte seg veldig bra, og sto like godt for alle Tambar sine mål (Truls 3, Sander 2).

Bra innsats frå samtlege på trass av at det vart tap.

Desse var med: Lars Iver, William, Marius, Benjamin H, Davide, Truls, Håvard og Sander.

Ref.: Bjørn-Ole Hjørnevik


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse