Tambar fortsatt på tabelltoppen

Tambar G13/14 9er har hatt ein god haustsesong i 1.divisjon, og trygga plassen på tabelltoppen etter borteseier i Måløy lørdag.

Tambar Fotball sitt smågutelag i 1.divisjon, G13/14 9er, gjer det fortsatt svært bra etter opprykket i haust. Med mange lange reiser til bortekampane, vert desse ofte lagt til helg.

I går var laget på tur igjen, denne gongen til bortekamp mot Tornado Måløy, ytterst i Nordfjorden. Laget vann kampen i ein målrik kamp, der det til slutt stod 6-4 i Tambar sin favør. Dermed vart det sikkert ein kjekk tur tilbake til Naustdalsbygda denne laurdagen.

Tambar topper med dette tabellen i 1.divisjon avd.2, etter 4 seierer, 1 uavgjort og 1 tap. Men det er jamnt på toppen av tabellen, og både Skavøypoll og Florø har like mange poeng som Tambar, der Tambar har den beste målskilnaden.

Tambar sine kampar så langt i 1.divisjon i haust:

Tambar-Tornado/Måløy 4-2
Breimsbygda-Tambar 3-8
Tambar-Florø 2-2
Tambar-Bremanger 8-1
Skavøypoll-Tambar 2-0
Tornado/Måløy-Tambar 4-6

Resultater og tabell


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse