Storseier for Tambar mot Viksdalen

Heile 21 mål vart det scora i kampen mellom Tambar og Viksdalen i klasse G13/14 7er på Naustdal stadion tysdag kveld.

G13/14 7ar

Tambar-Viksdalen 18-3 (8-2)

Dommar: Fredrik Herstad

7ar-laget klina til med nok ein storsiger mot tabelljumbo Viksdalen tysdag kveld. Det sto 3-0 allereie etter 3 min, så trenarteamet til Tambar måtte gjere nokre grep for å roe dei spelesugne karane. Til tross for dette stoppa ikkje Tambar før det til slutt sto 18-3.

Ellers kan det nemnast at både Benjamin H og Lars Iver fekk sine første mål for sesongen, og Bendik sto ein omgang i mål (der det virka som han gløymde eit par gonger at han faktisk sto i mål...). Tross nermare 250 baklengs i sesongen for Viksdalen, så var dei ved godt mot etter kampen. Er vel noko som heiter "tap og vinn med samme sinn"

Ref.: Bjørn-Ole Hjørnevik


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse