Knepent tap for Tambar mot Askvoll/Holmedal

Frå kampen Askvoll/Holmedal-Tambar. Foto: Bjørn-Ole Hjørnevik.

Tambar G13/14 sitt 7er lag måtte returnere til Naustdal med eit knepent tap i bortekampen mot Askvoll/Holmedal torsdag kveld.

G13/14 7ar
Askvoll/Holmedal-Tambar 5-4 (2-1)

Det vart ein tett og jamnspelt kamp då 7ar-laget tok turen til Askvoll torsdag kveld. Tambar vart pressa bakover frå start, og slapp A/H til mange sjangsar. Berre ein god Lars Iver i mål forhindra større leiing. Utover i omgangen kom Tambar meir med i kampen med fleire gode avslutningar. Det vart derimot ikkje uttelling før rett før pause. Benjamin H fekk seg ein stygg smell i kneet, men kunne heldigvis komme innpå at i 2.omg.
Etter pause tok Tambar over mykje av spelet, men det var A/H som var mest effektive. Med 5-2-leiing såg kampen ut til å vere avgjort. Men med ei sterk Tambar-avslutning med to reduseringar, vart det spenning på slutten. A/H klarte derimot å ri av stormen, og gjekk dermed forbi Tambar på tabellen. Alt i alt ein bra gjennomført kamp mot eit A/H-lag som tydeleg var forsterka i høve til laget vi møtte i Naustdal i vår.

Tambar: Lars Iver, Solheim, Gauksrud, Jørgen, Marius, Lasse, Nicholas, Kristen og Haugland.

Slik kom måla:
14 min 1-0
23 min 2-0
34 min 2-1 Lasse
38 min 3-1
45 min 3-2 Nicholas
60 min 4-2
62 min 5-2
64 min 5-3 Solheim
66 min 5-4 Jørgen

Ref.: Bjørn-Ole Hjørnevik


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse