Tambar og Florø delte poenga

Florø kan være mest nøgd med poeng i kveldens kamp på Naustdal stadion mot Tambar i klasse G13/14 9er.

G13/14 9er 1.divisjon avd.2
Tambar-Florø 2-2 (2-2)
0-1
1-1 Fredrik Herstad
2-1 Alexander Nordbotten
2-2

Det var flott spelevær på Naustdal stadion, då Tambar møtte Florø til kamp i 1.divisjon avd.2 mandag kveld. Tambargutane hadde før kveldens kamp to strake seierer med Tornado Måløy og Breimsbygda.

Det var gjestane frå Florø som tok leiinga, med ei scoring tidleg i første omgang.
Men Tambar kom tilbake og snudde kampen med to scoringar, av Fredrik Herstad og Alexander Nordbotten.
Med kampens fjerde mål i kampen, denne gong til Florø, gjekk laga til pause med 2-2.

Det var eit lite typisk Florølag vi såg på stadion i kveld. Slik vi ofte kjenner Florølaga, er dei som oftast opptatt av å starte spelet i backrekka og spele seg framover. Laget Tambar møtte i kveld spelte som oftast lange baller frå keeper og forsvar over midtbana, for å nå fram til spissen sin.

Vi hadde meir sansen for spelet til Tambar, som i perioder rulla fine angrep opp på kantane sine, og som laga trøbbel for Florøforsvaret kvar einaste gong. Med litt meir tur, kunne laget ha omsett mange av desse sjansane til mål.

Men med ein mållaus andre omgang, enda kampen 2-2 og eitt poeng til begge lag. Dette gjer at laget fortsatt beheld tabelltoppen, der laget har Skavøypoll hakk i hel.

God dommer var Martin Hukset.

Resultater og tabell


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse