Tambar tapte toppkampen mot Eikefjord

Foto: Bjørn-Ole Hjørnevik

Tambar G13/14 sitt 7er lag møtte tysdag kveld Eikefjord til toppkamp på Naustdal stadion.

G13/14 7ar
Tambarskjelvar-Eikefjord 3-6 (2-3)

Det vart tøff motstand for 7ar-laget som gjekk på sesongens andre tap på Naustdal stadion i går når Eikefjord kom på besøk. Eikefjord gjekk ut i hundre og leia 3-0 allereie etter 9.min, ei leiing som kunne vore endå større. Utover i 2.omg kjempa Tambar seg inn igjen i kampen, og kunne gå til pause med 2-3. Utover i 2.omg. tok igjen Eikefjord over, og kunne til slutt bokføre ein velfortent 6-3-siger. Det er ikkje ofte vi nemner mot...standarane sine spelarar, men i dette tilfelle må vi dra fram Agathe Endestad som herja med Tambar-gutane og scora alle 6 måla for Eikefjord (i tillegg til eit stang-skot...!).

Må også nevnast at kampen vart dømt med myndig hand av Bjørn Hundershagen (himself).

Desse spelte for Tambar: 
Lars Iver, Aleksander S, Martin, Jørgen, Lasse, Marius, Nicholas, Benjamin H, Benjamin G og Davide.

Her er måla:

6.min 0-1
8.min 0-2
9.min 0-3
21.min 1-3 Martin skyt knallhardt med venstra i lengste hjørnet
26.min 2-3 Etter litt mølje i feltet skyt Davide ballen i mål via forsvarar
51.min 2-4
52.min 3-4 Martin kliner til frå langt hold heilt oppe i krysset.
62.min 3-5
64.min 3-6
70.min 3-6 Slutt

Ref: Bjørn-Ole Hjørnevik


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse