Tambar på topp i 1.divisjon

Foto: Merete S.Standal

Tambar G13/14 sitt 9er lag kunne returnere frå Breim med full pott og mange mål i kveld.

Tambar sitt smågutelag har starta haustsesongen på best mulig måte, etter at laget rykka opp i 1.divisjon etter at dei vart puljevinnar i 2.divisjon i vår.
Laget spela sin fyrste kamp på Naustdal stadion mot Tornado Måløy søndag 20.august. Denne kampen vann Tambargutane 4-2, der stillinga til pause var 1-0.

G13/14 9er 1.divisjon avd.2

Breimsbygda-Tambar 3-8 (1-4)

Tambar:
William Bjørvik Tveita
Fredrik Herstad
Alexander Kleiva Nordbotten
Magnus Langedal Studsrød
Aleksander Solheim
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Matias Vonen
Bendik Gamlestøl
Vidar Standal
Odin Hjellbrekke Svoen
Jørgen Hove Haugen
Kristen Espedal Røyseth

I kveld tok laget turen til Nordfjord og Reed stadion, der gutane til Breimsbygda var motstander. Og Tambargutane fortsette seiersrekka si i Gloppen, der laget hadde grei kontroll på kveldens kamp i regnværet.
Trener Espen Langedal fortel at gutane fekk vist mykje bra spel, spesiellt når spelarane er aggresive både med ball og i gjenvinningsfasen. Han fortel vidare om fleire gode angrep med høg fart, gode løp og presisjon i pasningane. I tillegg var Tambar farlige på dødballer.

Det vart åtte mål til Tambar i kveldens kamp, der laget også hadde to anullerte scoringar. I tillegg hadde laget fleire store målsjanser, som med meir tur kunne gitt uttelling.

Trenarane Espen Langedal og Håkon Svoen fortel at dei er nøgd med Tambargutane, og det dei presterer i kveld. Men samtidig ser dei at laget i perioder er noko ukonsentrerte og slurvete både med og utan ball, og at her er det rom for forberedningar.

Med dei to seierene til Tambar i sine to fyrste haustkamper, ligg laget på toppen av tabellen. I neste runde kjem Florø 1 på besøk til Naustdal stadion. Den kampen vert spelt mandag 4.september.

Resultater og tabell


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse