Uavgjort mellom Tambar og Gaular i kveld

Tambar G13/14 sitt 7er lag starta haustsesongen med uavgjort borte mot Gaular.

G13/14 7ar
Sande stadion

Gaular 3 - Tambar 3-3 (2-1)

Det vart ein tett og tøff kamp mot Gaular 3 på Sande i dag. Sjølv om Tambar stilte med eit sterkt lag, hadde dei tidvis mykje å stri med mot eit hardtjobbande Gaular-lag beståande av stort sett 12-åringar. Alt i alt var uavgjort eit ok resultat sett utifrå målsjansar.

Tambar stilte med følgjande lag:
Lars Iver, Aleksander S, Martin, Lasse, Marius, Davide, Magnus, Matias, Alexander N og Benjamin H.

Slik kom måla:

12 min 1-0 Brasse frå Gaular. Årets mål på Sande stadion?
30 min 1-1 Magnus skyt i krysset frå kort hald.
33 min 2-1
41 min 2-2 Matias går  fint igjennom forsvaret og utliknar.
44 min 2-3 Martin skyt med venstra frå langt hald
54 min 3-3
70 min 3-3 slutt

Resultater og tabell

Ref.: Bjørn-Ole Hjørnevik


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse