Halve bygda såg Tambar SMG 7er vinne 7-4

G13/14 7ar

Kvammen-Tambarskjelvar 4-7 (1-1)

Grusbana i Kvammen

Tilskodarar: Ca 53 (halve bygda).

Tambar avslutta vårsesongen med siger i bortekampen mot Kvammen. Det var tydeleg at karane var lite vande med grus, og sleit litt i første omgang. Eit hardt kjempande Kvammen-lag tok oss på senga, og sørga for at det vart ein jamn og tøff 1.omg. Utover i 2.omg. var det likevel ikkje tvil om kven som ville stikke av med sigeren. Anført av ein slepen Vidar Standal på sentral midt, viste gutane periodevis glitrande pasningsspel, og kunne til slutt reise heim att med siger 4-7.

Her er ei oppsummering av hendelsane:

1.omgang

1 min Kvammen fintar forbi Tambar sitt forsvar, og set ballen i mål. Sjokkåpning!
10 min Marius køyrer eit løp frå forsvar, avslutninga går til corner, men dommar dømmer utspark. Kvammen går rett i angrep, men Marius jobbar bra tilbake og blokkerer Kvammen-skot.
17 min Kvammen kjem heilt igjennom på venstresida, men Bendik set inn ein sugande sklitakling og hindrar scoring. Som seg hør og bør fører dette til eit solid blødande skrubbsår på foten til Bendik, og for avdanka fotballspelarar på sidelinja framkallar dette gode minner frå gamle dagar då alle kampar gjekk på grus.
22 min Lasse pressar forsvaret til Kvammen og vinn ballen. Vidar slår pasning til Bendik, som igjen slår ut på venstre til Mathias som set ballen kontrollert til side for keeper. Vakkert Tambar-spel. Tambar har begynt å få opp dampen no.
28 min Marius fyrer frå midtbana, men keeper reddar nede i høgre hjørnet.

PAUSE 1-1.

2.omgang 

36 min 2-1 Kvammen fyrer av eit skot etter 30 sek og ballen går i mål. Samme start på 2.omg som første.
44min 2-2 Gauksrud fintar ut midtbana til Kvammen, skyt via ein forsvarar og i mål. Bra prestasjon. Tambar er inne i kampen igjen.
47 min 2-3 Tambar pressar på, Mathias får ballen og kliner den i mål. Tambar har no teke fullstendig over, noko som frustrerer eit ampert Kvammen-lag.
48 min 2-4 Bendik med fint skot til side for keeper. Har løsna skikkeleg no.
53 min 2-5 Mathias i fint driv framover, gir ballen til Vidar, som igjen sentrar til Lasse. Med ryggen mot mål tar han ballen ned på kassa, vender, og kliner ballen i krysset. Dagens mål!
55 min 2-6 Flott innlegg frå Haugland på venstrekanten. Foran mål står Marius, som avsluttar i beina på keeper. Returen set Vidar i mål.
58 min 2-7 Flott fotball av Tambar som spelar ut forsvaret til Kvammen inkludert keeper. Mathias tuppar ballen i mål, og dermed er dagens hat-trick eit faktum.
69 min 3-7 SYTTI.min 4-7 Tambar slappar litt for mykje av, og på trass av fleire bra redningar av Lars Iver, slepp vi inn to kjappe i sluttminutta.
70 min 4-7 

Ref: Bjørn-Ole Hjørnevik


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse