Sesongens fyrste tap for Tambar SMG 7er

G13/14 7ar

Tambarskjelvar-Gaular 2 4-7 (3-3)

Etter siger i dei 6 første kampane, kom sesongens første tap for 7ar-laget. Dei møtte eit sterkt Gaular-lag som hadde med fleire spelarar frå 9ar-laget sitt.

Tambar gjekk fort opp i 2-0 leiing, men deretter kom Gaular sterkt tilbake. Alt i alt ein ganske jamn kamp, men der Gaular viste fint lagspel med mange gode kombinasjonar, køyrde Tambar seg ofte opp i vanskelege situasjonar i staden for å trille ball.

Desse var med på Tambar:
Lars Iver, Benjamin G, Jørgen, Aleksander S, Alexander N, Benjamin H, Lasse, Marius og Davide.

 

Her er ei oppsummering av hendelsane:

3 min: 1-0  Alexander kjem i fint driv på høgresida, og skyt hardt og høgt utagbart for keeper.

7 min: 2-0  Alexander får ballen midt foran mål og frå ca 10 m legg han den fint til side for keeper.

9 min: 2-1  Gaular scorar etter fint veggspel

10 min: Gaular spelar seg heilt igjennom, men Lars Iver er fint ute og reddar.

16 min: 3-1 Jørgen går framover og spelar ballen ut på høgre kant til Alexander N, som legg fint inn til     Benjamin G. Benjamin dempar ballen på første touch, og skyt deretter ballen i lengste hjørne. Vakkert Tambar-spel.

22 min: Stor sjanse til Tambar då Lasse får ballen rett foran mål, men skyt like utanfor.

26 min: 3-2 Spissen til Gaular får eit langt oppspel, rundar keeper og set ballen i mål.

27 min: Ny stor sjanse til Tambar. Lasse skyt i tverra, og skyt like over på returen.

28 min: 3-3 Gaular kombinerer med fint pasningsspel.

Pause

38 min: 3-4Gaular spelar ut forsvaret til Tambar, rundar keeper og set ballen i mål.

42 min: Fin corner frå Marius. Avslutninga frå Alexander N. snissar tverra.

48 min: 4-4 Benjamin G. slår eit fint innlegg til Marius, som tar ballen på rista og klinkar inn utlikninga.

51 min: Frispark til Gaular frå ca 10 m. God redning frå Lars Iver.

52 Min: 4-5Gaular pressar på, rundar Tambar sin bakerste mann og skyt ballen i mål.

57 min: Alexander med godt innlegg frå høgrekant til Marius, som tar ballen fint ned og avsluttar like over.

59 min: Tambar med bra press. Benjamin H. fyrer av eit bra skudd, men keeper får akkurat ut ein fot og reddar.

61 min: 4-6 Gaular pressar på. Lars Iver reddar dei to første forsøka, men på tredje forsøk set dei ballen i mål.

65 min: 4-7 Gaular punkterer kampen med godt angrepsspel.

68 min: Alexander N. og Jørgen kombinerer fint, Jørgen avsluttar like over

70 min: 4-7 slutt.

Ref: Bjørn-Ole Hjørnevik.

 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse