Odin i troppen til Sogn og Fjordane i Nasjonal G14 serie

Tambarspelar Odin Svoen er med i troppen til Sogn og Fjordane som skal spele kamp i Nasjonal G 14 mot Østfold fyrstkomande lørdag. Odin har også tidligare i år vore utteken i troppen til Sogn og Fjordane, men har vore plaga med ein del skader.

Vi gratulerer Odin med uttaket, og ynskjer han lukke til på laurdag.

Nasjonal G 14 serie er for dei beste 14 åringane i landet og er eit initiativ frå Norsk Toppfotball for å bidra til auka kvalitet på spelarutvikling i norsk fotball. Kretsar og toppklubbar samarbeider om tiltaket, der toppklubb stiller med trenarkrefter og kompetanse, og krets har ansvar for uttak av troppar til dei ulike kampane (kretslagsmodellen).

 

Sogn og Fjordane sin tropp:
Håvard Hetle, Sandane TIL
Odin Svoen, Tambarskjelvar IL
Leander Høyvik, Florø SK
Lukas Leirgulen, Stryn TIL
Trym Øvreberg, Stryn TIL
Trym Hogrenning, Stryn TIL
Iver Skorve, Sogndal IL Fotball
Kristoffer Stranden, Skavøypoll IL
Spencer Skjeldestad, Sogndal IL Fotball
Toni Jakupovic , Florø SK
Jonas Tefre, Førde IL Fotball
Johan Bakke, Sogndal IL Fotball
Sondre Mowatt, Hyllestad IL
Fredrik Døsen, Florø SK
Simon Eide, Tornado Måløy FK


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse