Tambar SMG 7er vann på grusen i Viksdalen

Foto: E.E.Langedal

G13/14 7ar

Viksdalen - Tambarskjelvar 3-9 (3-3)

Gutane hadde ei fin reise i flott natur til den fredlege bygda Viksdalen der vi fekk årets første møte med grus. Eit Viksdalen-lag som har hatt det tøft så langt i vår viste betre takter denne tysdagskvelden. Dei tok faktisk leiinga før dei gule og svarte omsider fann femtegiret og rykka ifrå.

16 min: 1-0 Viksdalen etter kontring. Godt plassert.

17 min: Martin slår hardt og flatt inn framfor mål. På bakarste stolpe ventar Magnus som bankar ballen opp i motsett kryss. 1-1.

20 min: Haugland og Magnus spelar vegg før Magnus avsluttar hardt på keeper som må gi retur. Magnus er først på ballen og trillar inn 1-2. Diverre måtte keeperen ut med skade. Først frykta vi brot i armen, men etter kampslutt var handa bevegeleg. Får tru og håpe at det berre var ei kraftig forstuing.

24 min: Viksdalen utliknar til 2-2 etter eit flott angrep.

28 min: Martin fyrer av garde eit langskot med venstra. Stolpe onn og 2-3!

36 min: Lars Iver vartar opp med ei god redning på eit hardt skot, men diverre er ein viksdøl først på returen. Dermed er vi like langt når ein fair og god dommar bles av første omgang.

I pausen blir vi einige om å teste skotfoten litt oftare.

37 min: Martin med ei god gamal "gruslompe" for å sitere pappa Bjørn-Ole. 3-4. Herifrå og ut såg vi oss aldri tilbake.

43 min: Lars Iver med eit langt utkast til Magnus som dansar nedover venstrekanten før han bankar ballen rett under tverrliggar. 3-5.

44 min: Magnus slår hjørnespark ut til Gauksrud som klemmer til. 3-6.

49 min: Gauksrud med langskot etter sjølv å ha erobra ball. 3-7!

53 min: Magnus som kniv i varmt smør gjennom midten. Har ingen problem aleine med keeper. 3-8.

70 min: Lars Iver med hurtig igangsetjing til Marius som tar med seg ballen gjennom midten. Avslutninga blir redda av keeper, men Lasse er først på returen og set punktum med 3-9.

Ein god andre omgang på eit uvand underlag medan vi "gamle" på sidelinja mimra om ei svunnen tid med gruskampar, bøffelflokkar og reinsing av grussår etter harde bataljar før breiband var allemannseige.

Desse var med (2-3-1): Lars Iver; Davide, Marius; Lasse, Benjamin Gauksrud, Aleksander; Benjamin Haugland; Magnus, Martin.

Ref: Espen Eithun Langedal.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse