Tambar SMG 9er med knepent tap i toppkampen

Tambar SMG 9er møtte Florø til kamp mandag kveld, og det vart ein jamnspelt kamp mellom dei to laga som ligg øverst på tabellen. Med dagens resultat, klatra Florø opp på same poengsum som Tambar, men der Tambar har mykje bedre målskilnad.

G13/14 9ar

Florø - Tambarskjelvar 3-2 (2-2)

Strålande sol i Florø by då dommar bles i gang kampen. Tambargutane starta tøft og sto godt i duellane. Det var eit sterkare mannskap blåtrøyene mønstra i kveld, og vi fekk servert ein jamn og spanande kamp der Florø diverre trekk det lengste strået.

15 min: Florø kontrar gjennom midten, spelar igjennom spissen som lobbar ballen i mål frå kanten av feltet. Flott kontring.

16 min: Tambar svarar med ein gong og går rett i angrep frå avspark. Bendik fører ballen sentralt i bana og finn ein åpning i det høgre hjørnet. Kontrollert trillar han inn utlikninga. 1-1.

18 min: Bendik med nytt skot som blir blokkert. Han snappar returen og spelar til Magnus som frå kort hald avsluttar på keeper som må gi ny retur. Magnus kastar seg fram og krigar inn 2-1!

Kort tid seinare slår Solheim et legg som blir blokkert med ein utstrekt arm. Hadde ikkje vore noko å seie på om vi hadde fått ei straffe der.

31 min: Klopstad med frispark frå distanse. Rett i muren. Får ballen i beina igjen, vender av ein mann og limer ballen opp i lengste kryss. Vakkert, men unødvendig mot klassekameratane sine ….. :-)

2-2 står seg til pause. Gutane kjempar hardt og er fullt på høgde med Florø som ikkje slapp til noko særleg med unntak av skåringane sine.

I den andre halvleiken har vi mange slitne bein i vårsola. Bendik og Nordbotten fekk kjenningar med skader så dermed måtte dei resterande spelarane fullføre kampen.

60 min: Ti minuttar før slutt fell avgjersla då Florø meir eller mindre kopierer 1-0 skåringa.

På tampen blir Vidar takla hardt og må ut med ein skambanka akilles.

William varta opp med fleire gode redningar i andre omgang. Vi har mellom anna to stolpeskot og eitt i tverrliggjaren i tillegg til ei heading på ein godt slått corner som stryk stolpen.

Ein god og underhaldande kamp ender 3-2 til Florø. Gutane la ned eit godt stykke arbeid. Ingen grunn til å grave seg ned etter dette. Onsdag er det innskriving for neste års konfirmantar så treninga utgår.

Desse var med (3-4-1): William; Martin, Jørgen, Vidar; Nordbotten, Fredrik, Bendik, Solheim; Magnus; Odin, Matias.

Ref: Espen Eithun Langedal.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse