Tambar SMG 7er med sin femte strake seier i kveld

G13/14 7ar
Tambarskjelvar - Askvoll/Holmedal 7-3 (4-1)

7arlaget i småguteklassen tok sin femte strake siger i duskeregn då vi tok imot AHIL på himmelspretten.

Allereie etter to minuttar finn Benjamin Vidar som driblar ein mann og trillar inn 1-0 i det høgre hjørnet. Ein god start på kampen.
4 min: AHIL utliknar til 1-1 etter dribleshow av spissen deira.
9 min: Hallvard kjem til innlegg frå høgrekanten. Ballen går gjennom feltet og på enden står Benjamin som på halvspretten avsluttar hardt i nærmaste hjørne. 2-1. Back on track.
14 min: Lasse headar ned til Vidar etter eit innkast. Vidar bankar til på halvspretten frå distanse. Utagbart for keeper. 3-1.
20 min: Matias slår på tvers til Lasse som curlar ballen inn i den høgre vinkelen. 4-1.
Resultatet står seg til pause. Det er god stemning i pausepraten, og betre blir den når vi får servert frukt som gutane sluker i seg før dei gjer seg klare for andre omgang.
47 min: Benjamin flikkar ballen i bakrom over ein forsvarar. Matias skjærer igjennom og setter 5-1 frå høgrekanten. 59 min: Benjamin aukar leiinga til 6-1 etter å ha kriga til seg ballen.
60 min: AHIL reduserer til 6-2 etter ei kontring.
62 min: Lasse vinn ein ball på midtbana. Han spelar vegg med Vidar før han avsluttar knallhardt i stolpen. Ballen endrar retning og treff Thomas. 7-2. Såg ut som ei skåring med familiejuvelane. Glad blir han likevel.
69 min: AHIL med frispark frå distanse som Lars Iver reddar, men returen blir sett i mål. Dermed ender det 7-3.

Sidan det er langhelg er det fleire som har nytta høvet til å ta seg ein langweekend. Derfor hadde vi med to hospitantar i dag, nemleg Thomas og Hallvard frå G12. Dei klarte seg særs godt i dag.

Til tider er det ein jamspelt kamp, men vi føler at vi har god kontroll. Lars Iver i mål og forsvaret med Marius og Davide slepp ikkje AHIL til dei heilt store sjansane. På utsparka frå AHIL justerer forsvaret seg godt då dei sette igong longt kvar einaste gong.

Desse var med (2-3-1): Lars Iver; Davide, Thomas; Hallvard, Vidar, Benjamin Gauksrud; Marius; Lasse, Matias

Ref: Espen Eithun Langedal


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse