SMG 7er med 8-1 seier over Gaular

G 13/14 7ar
Naustdal stadion 16.mai

Tambarskjelvar - Gaular 1 8-1 (6-0)

1 min: Magnus løyser av eit skot frå distanse. På halvspretten susar ballen inn i den høgre vinkelen. 1-0.
10 min: Magnus og Gauksrud kombinerer på høgrekanten. Magnus skjær inn i bana, spelar ut venstre til Marius som bøyer ballen tilbake i det høgre krysset. 2-0.
27 min: Solheim vinn ein duell etter eit Gaular-kast. Han tek med seg ballen til dødlinja og slår hardt inn framfor mål. Martin dukkar opp på bakarste stolpe og set inn 3-0 frå 40 cm.
32 min: Magnus avanserer sentralt i bana før han overlet ballen til Martin som set inn 4-0.
33 min: Gauksrud på raid sentralt i bana. Sentrar vidare til Lasse som igjen gir vidare til Martin. 5-0.
34 min: Martin med markkrypar frå distanse. 6-0.

Pause

46 min: Solheim med ein lang stikkar i bakrom til Magnus som spring frå alle. Aleine med keeper set han inn 7-0 i nærmaste hjørne med utsida av foten.
49 min: Magnus med langt kast i lengderetning. Martin spring ifrå forsvaret og klemmer til med vrista. Ballen susar inn over hovudet på keeper. 8-0.
51 min: Gaular reduserer til 8-1.

Ein veldig god førsteomgang av gutane i gult og svart. I tillegg til måla skaper dei mange sjansar. Gauksrud hadde mellom anna ei kanonkule som traff krysstolpen. Gaular kom til nokre avslutningar i løpet av kampen, men Lars Iver hadde fleire gode redningar også i kveld.

Desse var med: Lars Iver, Aleksander Solheim, Benjamin Gauksrud, Lasse, Marius, Magnus, Benjamin Haugland, Martin.

Dommar: Thomas Dobbe Personbråten

Ref.: Espen Eithun Langedal


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse