Tambar SMG 9er overlegne i sin avdeling - vann 16-1 i kveld

G13/14 9ar avd. 3

Tambarskjelvar - Førde 5 16-1 (7-0)


Etter seks kampar står gutane med full pott. 18 poeng av 18 mogelege. Målskilnaden er 60-6. Det gir eit snitt på 10-1 i kvar kamp.

 

5 min: Kristen går til linja og slår hardt inn på tvers framfor mål. Matias er på rett stad til rett tid. 1-0.

11 min: Fredrik bryt eit utspel frå keeper og skjær igjennom forsvaret til Førde før han set ballen mellom beina på keeper. 2-0

14 min: Vakker liten sak. Kristen med ein lang crossball frå høgrekanten over mot Magnus på motsett side. Magnus tek ned ballen og slår inn mot Matias. Matias flikkar ballen vidare bak i feltet til guten som starta det heile. Kristen med ein frekk liten flikk på bakarste stolpe 3-0.

25 min: Etter ein tørkeperiode bryt vi eit angrep ved Kristen som spelar igjennom Bendik som har starta på løp frå sin offensive midtbaneposisjon. Bendik avsluttar på første touch. 4-0

27 min: Nytt flott angrep: Jørgen har ballen i beina djupt inne på eigen halvleik. Kristen spring seg fri i mellomrommet. Jørgen trer ballen igjennom til Kristen som vender opp og spelar vidare til Fredrik som kjem på eit løp frå djupet. Fredrik vender av førsteforsvarar og avsluttar skråsikkert i venstre hjørne. 5-0.

32 min: Solheim spelar ein pasning i rommet framfor Magnus som set på turboen og avanserer over halve bana med ballen før han slår 45° ut til Fredrik. Ny avslutning i venstre hjørne. 6-0.

33 min: Matias kjem til dødlinja. På bakarste stolpe står Bendik. Dette ser Matias og slår ein pasning på tvers av feltet. På blank kasse set Bendik punktum med 7-0 i den første omgangen.

I pausepraten er det vanskeleg å finne noko å kritisere gutane for når dei har skåra sju mål, men det er tidvis litt slurv i pasningar og mottak. Elles er det mykje ros for gutane å hauste frå spelet deira.

39 min: Martin er flytta fram på midtbana. Han vinn ein duell og spelar igjennom Magnus sentralt i bana. Magnus bles ballen høgt i mål frå kort hald. 8-0.

40 min: Vidar med ein flott crossball frå sin venstrebackposisjon til Magnus som dukkar opp på bakarste stolpe. 9-0.

41 min: Flotte kombinasjonar mellom Kristen og Magnus på høgresida. Kristen går aggressivt i ryggen på feilvend motspelar, vinn ballen, spelar vidare til Magnus før han får ballen igjen i boksen og tuppar inn 10-0. Tre mål på tre minutt.

43 min: Etter innlegg frå kant avsluttar Matias i stolpen. Han krigar tilbake sin eigen retur og set inn 11-0 frå kort hald.

54 min: Bendik med pasning til Matias ut på venstrekanten. Matias skjær innover i bana og set ballen i det lengste hjørnet. Vakkert. 12-0.

57 min: Fredrik taklar ein motspelar djupt i bana før han slepp ballen vidare til Magnus som vender av ein forsvarar og bankar inn 13-0.

62 min: Vidar og Solheim har begge blitt flytta lenger fram i bana. Vidar trer igjennom Solheim som trillar inn 14-0 i det høgre hjørnet frå femten meter.

65 min: Fredrik vinn eit langt utspel frå Førde sin keeper. Han får kontroll på ballen, fører den med seg framover og gir den vidare til Vidar som avanserer eit par meter med ballen før han bankar inn 15-0.

68 min: Førde på ein sjeldan visitt. Det heile startar med kombinasjonar på høgrekanten deira før dei kjem til innlegg som blir stussa vidare bak i feltet. På bakarste stolpe dukkar det opp ein gut i kvit trøye som reduserer til 15-1. Eit flott angrep som vi sjølv har hatt mange av så langt i vår.

70 min: I siste speleminutt slår Solheim eit godt innlegg frå høgrekanten. Matias har skore inn frå sin venstre kantposisjon og styrer inn 16-1 som også blir sluttresultatet.

Med slike resultat skjøner ein at gutane har styrt dei siste kampane frå start til slutt. Forsvaret demmer opp for alt som kjem av initiativ frå motstandar. Det er ei fin gruppe med gutar som står på og jobbar hardt for kvarandre.

I tillegg til alle skåringane produserer vi, og brenn, eit utal sjansar. Men det får no vere måte på. Om gutane måtte ta eit val mellom godt spel eller mange skåringar blir likevel svaret frå gutane som Ole Brumm ville sagt: "Ja takk, begge deler".

Desse starta (3-4-1): William; Solheim, Jørgen, Vidar; Martin, Fredrik, Kristen, Magnus; Matias; Bendik

Dommar: Thomas Dobbe Personbråten.

Ref.: Espen Eithun Langedal

 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse