God bortekamp av SMG 7er mot Dale

Smågut G13/14 7ar

Dale-Tambar 3-8

Dingemoen stadion.

7ar-laget slo i kveld Dale 8-3 på sjølvaste sagnomsuste Dingemoen stadion. Tambar stilte i grøne vestar for anledningen. Her er oppsummering av viktige hendelsar:

6 min 0-1 Marius. Solheim med innkast frå høgre, Marius kliner til med strak rist utagbart for keeper. 
8 min 0-2 Solheim. Fint raid på ventrekanten av Kristen, som slår eit hardt innlegg langs bakken. Solheim møter perfekt og styrer ballen inn frå kort hald.
10 min Haugland går hardt inn i ei takling og må ut med skade. Heldigvis er han snart klar igjen.
14 min Dale med knallhardt skudd. Lars Iver med god redning.
21 min Dale blir avblåst for tilbakespel til keeper. Solheim trillar ballen til Gauksrud som kliner ballen i tverra.
22 min 0-3 Jørgen. Jørgen går frå høgre back inn i bana, spelar vegg med Kristen, og skyt hardt i lengste hjørnet.
24 min 0-4 Jørgen. Får ein kort pasning frå Solheim og klinkar til frå ca 15 meter.
26.min Stor mulighet til Dale. Lars Iver reddar eit skot, returen går i tverra.
27 min 1-4. Dale-spelar får eit oppspel, vender fint og skyt i mål.
28 min 2-4. Dale med fint veggspel som ender med mål. 
29 min 2-5 Kristen. Kristen kombinerer fint med Solheim, og skyt ballen via forsvarar og i mål.
34 min Kristen med fin stikkar til Marius. Marius fyrer av eit bra skudd like utanfor. 
35 min Kristen må ut med naseblod etter å ha fått eit uheldig slag.
41 min 3-5. Dale bryter eit oppspel og skyt i stolpen. Returen bli plukka opp av spissen, som skyt ballen i mål.
44 min Dale med frispark. Lars Iver ligg strekk ut og reddar.
45 min 3-6 Jørgen. Jørgen kliner til med dagens hardaste skudd frå ca. 10m, og dagens hat trick er eit faktum.
48 min Gauksrud skyt i stanga med venstra.
49 min 3-7 Gauksrud. Gauksrud på farten igjen. Vender fint opp og kliner ballen i mål.
55 min Dale med hardt skudd, ny fin redning av Lars Iver.
56 min Marius med flott langskudd som keeper slår til corner.
57 min 3-8 Gauksrud. Corneren blir slått inn i feltet. Etter litt klabb og babb skyt Gauksrud. Keeper er på ballen, men klarer ikkje å forhindre mål. Dermed endar kampen 3-8.

Veldig god innsats frå alle i dag. Utanom hendelsane over må det nevnast at Haugland gjorde ein god innsats som spiss i 2.omg, og Davide og Lasse hadde mange gode innvolveringar i forsvar og på midtbane. Med dette står vi med 9 poeng etter 3 kampar

Ref.: Bjørn Ole Hjørnevik.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse