Smågutelaget med målfest på stadion i kveld

G13/14 9ar avd. 3

Tambarskjelvar - Førde 5 16-1 (5-0)

BILDER FRÅ KAMPEN

Den femte kampen i vårsesongen betyr at vi er halvvegs i vårsesongen.

Dei som tok turen til Naustdal stadion fekk sjå mykje fin angrepsfotball i kveld.

5 min: Martin spelar ballen breitt ut til Nordbotten som slepp vidare til Magnus har starta eit løp gjennom midten. Magnus går til linja og slår innlegget på tvers gjennom feltet. Der står Vidar som vender av keeper og set inn 1-0.

8 min: Fredrik slår i støtte til Martin som har tid og rom. Frå distanse dunkar han inn 2-0 frå sin høgreback-posisjon.

26 min: Perfekt tilfelle av kollektivt press der Martin og Nordbotten går hardt til verks mot feilvende førdianarar på høgrekanten. Etter ballgjenvinning passar Nordbotten ballen vidare til Bendik som fyrer av. Ballen duppar via bakken og sprett inn i det venstre hjørnet. 3-0.

32 min: Nordbotten med hjørnespark frå høgre. Ingen føl Martin når han møter for å tilby ein kort variant. Martin får ballen - legg den til rette på første touch og bankar inn 4-0 i det same hjørnet som i stad.

33 min: Ein langpasning opp mot Bendik som feilvendt legg igjen på Fredrik som fyrer av. Langskot. Bang. 5-0.

36 min: Svar på tiltale. Gutane går direkte i angrep frå avspark. Bendik slår innlegget hardt og lågt fram føre mål. Der dukkar Fredrik opp. 6-0.

39 min: Eit innlegg frå venstrekanten til Førde går over alt og alle før det duppar ned i lengste hjørne. Redusering Førde 6-1.

42 min: Fredrik forserar nedover høgrekanten. Han prøver eit innlegg, men blir blokkert. Innleggsforsøk nummer to samsvarar med kølappen til Bendik som på blank kasse set inn 7-1.

45 min: Eit klarert hjørnespark landar i beina på Fredrik kring midtbana. Med utsida av venstrefoten flikkar han lekkert ballen vidare til Fredrik medan han tar ein piruett og får ballen igjen - avanserer eit par meter og sender av garde ein markkrypar i det høgre hjørnet. 8-1.

51 min: Matias snappar eit utspark frå keeper - tek ned ballen med brystet og set fart rett mot mål. Matias løftar ballen over ein utrusande keeper og opp i det venstre hjørnet til 9-1.

55 min: Nordbotten med ein frekk utsidepasning på tvers av heile feltet. Der står Bendik som krigar inn 10-1 i duell med keeper og ein forsvarar.

57 min: Fredrik med pasning ut til Solheim på høgrekanten. Solheim bruker eitt touch på å leggje ballen til rette før han slår hardt inn framfor mål. Der har Kristen lurt seg bak ryggen på oppassaren sin. Han tuppar inn 11-1 framfor nasen på keeper.

59 min: Fredrik vinn ein duell på midtbana, får kontroll på ballen, forserer framover og set inn 12-1. 60 min: Nordbotten med ein chip i bakrom over forsvaret til Førde. Kristen har gått på løp - avsluttar på halvspretten og ballen går inn i det venstre krysset. Lekkert. 13-1.

63 min: Vidar kjem til innlegg frå venstrekanten. Fredrik med avslutning som blir blokkert. Martin snappar returen, men også hans forsøk blir blokkert. Solheim dunkar til på halvspretten - krysstolpen og ut. Den tredje returen i angrepet sprett framføre Vidar som på halvspretten dunkar inn 14-1. Knallhardt.

64 min: Dagens frekkaste: Nordbotten er upressa heilt ute ved sidelinja, på midtbana - sender av garde eit skot som duppar inn i det venstre krysset. 15-1.

65 min: Martin kjem til innlegg frå venstrekanten. Han slår flatt inn framfor mål. Solheim er på enden av innlegget og set punktum med 16-1.

Vi produserer flust med sjansar, men det får bli med dette - eg gjekk tom for blekk i kveld. Fleire spelarar fekk prøve seg i uvande posisjonar, og dei siste ti minuttane prøvde vi ein ny formasjon. Det resulterte i fire skåringar. Godt gjennomført kamp.

Desse starta (3-4-1):
William; Martin, Jørgen, Solheim; Nordbotten, Fredrik, Vidar, Matias; Magnus; Kristen, Bendik.

Dommar var kaptein på A-laget: Martin Hukset.

Ref.: Espen Eithun Langedal


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse