Sterk borteseier av Tambar SMG 7er mot Eikefjord

G13/14 7ar avd. 2

Eikefjord - Tambarskjelvar 3-4 (2-1)

I kveld gjekk årets andre kamp av stabelen for 7ar-laget i småguteklassen då vi vitja Eikefjord. Vi hadde bestemt oss for tidleg avreise slik at vi fekk bruke tida godt før denne kampen. Eikefjord vann heile 15-5 mot det same laget som vi slo 5-4 i den første kampen. Og god tid skulle det vise seg at vi fekk. Veldig god tid.

Då den pågåande jentekampen endeleg var slutt skulle kampen vår ha starta for eit kvarter sidan, men dommar mangla. Dermed vart det til at ein langhåra tufs (underteikna) blåste i gang kampen og dømde dei første tjue minuttane.

I løpet av den tida rakk begge lag å skåre kvart sitt mål. Eikefjord fekk sitt første for kvelden etter berre tre minuttar. Eit lurt skot frå skrått hald går inn via stolpen. 1-0.

Eikefjord pressar på og skaper mange sjansar. Men Lars Iver som stod i mål med korterma trøye i den kalde trekken held både varmen og Tambarskjelvar inne i kampen med den eine redninga etter den andre.

10 min: Etter ein luftduell på midtbana er ballen fri før Vidar chippar i bakrom mot Bendik som er på løp. I duell med ein forsvarar og ein utrusande keeper stussar Bendik ballen i mål. 1-1.

Omsider dukka sjølvaste Eikefjord-høvdingen Ole Jacob Endestad opp og tok over stafettpinnen som kampleiar.

30 min: Eikefjord skårar på ny etter eit flott angrep. 2-1 står seg til pause.

Det må seiast å vere ei fortent leiing. Vi var statistar i store delar av den første halvleiken. Lars Iver sine blekksprutinvolveringar gjorde likevel til at vi framleis hang med i kampen resultatmessig. Vi kravde betre innsats og meir konsentrerte gutar frå start av i andre omgang.

38 min: Vidar har starta eit løp gjennom midten. Bendik ser dette og spelar han fri. Vidar utliknar til 2-2 med eit skot nede i venstre hjørne.

Det bølgar litt dei neste minutta. Eikefjord held fram med å kome til store sjansar, men ballen vil ikkje i mål. Keeper, treverket eller ein forsvarar som avverjar i siste liten gjer at det framleis står 2-2.

55 min: Bendik spring og krigar med ein robust eikefjording om ein ball heilt ut mot sidelinja til høgre. Dei er begge ute av balanse fleire gonger før Bendik kjem seg framfor forsvararen og set inn sitt andre for kvelden. Vi har snudd kampen. 2-3!

Eikefjord svarar kort tid etterpå. Ein laus ball utanfor feltet vårt vert snappa opp og Eikefjord utliknar til 3-3.

Det går mot poengdeling, men kort tid før slutt - ut av ingenting hamnar ballen i beina på Bendik inne i feltet til Eikefjord. Han let seg ikkje be to gonger. Lirkar inn 3-4 med utsida av foten.

Vi vinn ein innhaldsrik kamp med marginale 3-4. Gutane står mykje betre fram dei siste 35 minuttane. Dei ofra lemmer og juvelar, men reiste seg og kjempa vidare.

Eit sterkt resultat mot eit godt Eikefjord-lag som også hadde med to gode jentespelarar som var involvert i skåringane til heimelaget. Ut ifrå sjansestatistikken skal det seiast at vi var heldige i kveld, men det er då det smakar ekstra godt.

I garderoben etter kamp er gutane samde om at Lars Iver er dagens spelar. Det vart kanskje ikkje så kaldt i T-skjorte likevel?

Laget: Lars Iver, Benjamin G, Benjamin H, Marius, Nicholas, Lasse, Davide, Bendik, Matias, Vidar.

9ar-laget fekk ei lang oppkøyring til gårsdagens kamp grunna fotografering, 7ar-laget fekk ei lang oppkøyring til dagens kamp. I begge tilfelle går vi sigrande av bana. Konklusjon: Tolmod er ein dyd.

Resultater og tabell

 Ref.: Espen Eithun Langedal

 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse