Tambar vann toppkampen mot Jølster

G13/14 9ar avd. 3

Jølster - Tambarskjelvar 2-6 (0-2)

I kveld tjuvstarta vi fjerde serierunde mot Jølster som vi i løpet av vinteren har hatt tre samlingar ilag med i Sogndal. Kampen var med rett terminfesta 1. mai, men vart framskunda som følgje av den komande klasseturen.

Det var duka for toppoppgjer i avdeling 3 då Jølster og Tambarskjelvar møttest til dyst med snø i lufta måndag kveld. Men dekket heldt seg grønt kampen igjennom.

Det skulle ta 20 minuttar før vi fekk hôl på byllen. Magnus forsøkte ein stikkar til Bendik, men pasningen nådde ikkje fram. Dette retta Magnus opp ved å vinne tilbake ballen, drible nokre meter og sette ballen i lengste hjørne med venstrefoten. 0-1!

To minuttar seinare smell det på nytt. Odin med skot frå distanse som keeper gir retur på. Alexander Nordbotten er vaken på returen og set ballen i mål, men vart avvinka for offside.

I det 26. minuttet doblar Odin leiinga med eit skot frå distanse etter å ha spela vegg med Bendik. 0-2!

Resultatet står seg til pause. Vi kontrollerte banespelet, men slurvar ein del i pasningsspelet - og utnyttar ikkje mogelegheitene våre godt nok. Jølster slapp til på ein lang pasning i bakrom som William kom ut på og fekk blokkert før Jørgen var på plass og avverja.

42 minuttar på kampuret: Fredrik bryt sentralt i bana og set fart beint fram. Han vert takla på ureglementert vis i feltet og vi får tildelt straffespark. I den same situasjonen får han ei kjenning i låret og takkar for seg. For dei som lurer på utfallet av straffa; Vidar finta keeper feil veg og limte den inn nede ved høgre stolpe. 0-3!

Minuttet seinare slår Odin inn frå høgre. Matias som har skore inn frå venstre kant set breisida til og 0-4.

Så Jølster skal redusere både ein og to gonger. I det 47. minutt fell ein høg ball midt inne på vår halvleik ned i beina på ein jølstring som frå distanse set inn 1-4.

I det 58. minutt sit 2-4 etter ein ballmiss på eigen halvleik. Ein jølstring snappar ein pasning og spelar fri ein annan grønkledd gut.

Vidar og Matias kombinerer fint på venstrekanten før Vidar finn Magnus i boksen. På fem meter får Magnus tid til å legge ballen til rette før han bankar inn 2-5. Ti minuttar igjen.

Tre minuttar seinare set naustedølene siste spikar i kista. Magnus prøver eit skot som vert blokkert. Med mange spelarar høgt i bana - og eit bra ettertrykk vinn Odin tilbake ballen. Han vender av ein jølstring og curlar inn 2-6 i lengste hjørne.

Med dette står gutane med full pott etter tre kampar og 24-4 i målskilnad.

Laget frå start (3-4-1): William; Martin, Jørgen, Vidar; Alexander N, Fredrik, Odin, Magnus; Bendik; Aleksander S, Matias.

Ref.: Espen Eithun Langedal


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse