Smågutelaget avgjorde kampen i sluttsekunda

G13/14 7ar

Tambarskjelvar – Gaular 3 5-4 (2-1)

Tysdag kveld 4. april starta Tambarskjelvar sitt 7ar-lag i småguteklassen sesongen heime på Naustdal stadion mot Gaular 3. Vêrgudane serverte oss frisk bris og regn – noko vi er godt vande med i Sunnfjord.

Kampen starta med eit visst trykk frå naustdalsgutane utan at det resulterte i nettsus. Etter kvart som fyrsteomgang skrid fram bølgjar spelet begge vegar. Gaular 3 stod godt i kampen og var farleg frampå med raske og gode kontringar som anten vart stogga av keeper Lars Iver eller avverja av forsvaret vårt i siste liten.

Etter 20 minuttar bryt Martin ein ball på midtbana før han spelar igjennom Marius som avsluttar i venstre hjørnet og sender Tambarskjelvar i føringa. 1-0!

Gaular 3 utliknar til 1-1 etter ei flott kontring rett før halvtimen er spela.

To minuttar før pause blir Marius spela fri på venstrekanten. Det første forsøket hans blir parert av keeper. Returen havnar i beina på Marius igjen som skyt i stolpen via ein forsvarar og ut til hjørnespark.

Det påfølgjande hjørnesparket blir slått mot bakarste stolpe der Martin ragar høgast og headar ballen i mål via bakken. 2-1! Resultatet står seg til pause.

Gaular 3 med avspark. Lasse bryt ein pasning, set på turboen og fossar mot mål. Ingen klarar å halde følgje. Han dunkar inn 3-1 i nærmaste hjørne etter 20 sekundar av andre omgang.

Fire minuttar seinare kjem 4-1. Kristen slår eit hjørnespark som ender hos Jørgen i returrommet. Jørgen dunkar til på halvspretten via tverrliggar og i mål.

Tambarskjelvar styrer spelet for augneblinken og produserer sjanse etter sjanse. Vi hadde ikkje mindre enn seks skot i metallet i løpet av kampen. Men Gaular 3 viser seg å vere farlege på kontringar. Redusering til 4-2 kjem etter ei flott angrep med mange trekk frå dei raudkledde.

Minuttar seinare kontrar dei inn 4-3. No bølgjar det voldsamt til tross for at slusene frå oven har teke ei pause.

Med ti minuttar igjen på kampuret får Gaular 3 eit frispark på kanten av feltet. Ballen blir spela hardt inn framfor mål. Ein gaularspelar får foten på ballen og utliknar til 4-4!

Tre minuttar før full tid fell den avgjerande skåringa. Martin ligg att som bakarste mann når vi har hjørnespark. Ballen blir klarert. Martin snappar opp ballen og klemmer til frå 20 meter. Ballen susar forbi alt og alle og finn vegen til nettmaskene. 5-4.

Årets første kamp er av den underhaldande sorten og ender med siger 5-4. Gaular 3 er samansett av spelarar fødde i 2005 som ønskjer matching mot eldre gutar. Og match det ga dei oss kampen igjennom. Fleire av spelarane fekk prøve seg i ulike posisjonar og vi skapte mange sjansar i dag –med litt tur så hadde det vore høgare siffer i målprotokollen.

Tambarskjelvar sitt lag frå start (2-3-1): Lars Iver; Davide, Jørgen; Kristen, Marius, Benjamin G; Benjamin H; Nicholas, Lasse, Martin.

Alle spelarar fekk i overkant av ein omgangs speletid. Dette var første kamp i småguteklassen for Lars Iver, Davide, Marius, Benjamin H, Nicholas og Lasse.

God dommer var Thomas Dobbe Personbråten.

Ref: Espen Eithun Langedal


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse