Smågutane starta sesongen med storseier

G13/14 9er avd.3
Førde 5 – Tambarskjelvar 1-9 (0-4)

Første seriekamp i klasse smågut 9-ar gjekk av stabelen måndag 27. mars i Hafstad idrettspark. Sola skein og bakom bana skimta ein gylle som vart spreia ut over bøen. Eit sikkert teikn på at våren er i anmarsj!

Det tek tre minuttar før Fredrik legg ballen til rette for Vidar som sender Tambarskjelvar opp i leiinga med eit skot i vinkelen. To minuttar seinare blir Alexander N spela fri på venstrekanten. Han slår inn framfor mål. På bakarste stolpe dukkar Matias opp og doblar leiinga.

Våre gutar gjekk hardt til verks frå start av. Kampen er åtte minuttar gamal når Odin vinn ein hovudduell på midtbana. Fredrik føl opp stussen i kamp med ein Førde-spelar og tuppar inn 0-3 forbi ein utrusande keeper.

Deretter følgjer det ei lang tørketid der vi dvelar litt for lenge ved ballen som gjer til at Førde-laget får tetta potensielle farlege rom og har ei rekkje kroppsblokkeringar på både skot og innleggsforsøk.

Siste halvdel av første omgang har Bendik kome inn som spiss. Han dreg av to forsvarar før han kombinerer fint med Fredrik som på eitt touch spelar ballen tilbake til Bendik som dunkar inn 0-4 etter 30 minuttar.

Resultatet står seg til pause.

Andre omgang er sju minuttar gamal før Odin legg på til 0-5. Odin spelar ballen ut til Matias på høgrekanten som rundar backen sin og slår femogførti grader ut igjen i feltet. Der dukkar Odin opp og set inn Tambarskjelvars femte skåring for kvelden.

Magnus legg på til 6-0 i det 56. minutt. Men det tek berre to minuttar før Førde får reduseringa si. Den kjem etter ein retur frå eit frispark som blir sett i mål frå kort hald. 1-6. Det går to nye minutt før Aleksander S dukkar opp på bakarste stole og set inn Tambarskjelvars sjuande skåring etter innlegg frå Matias.

Fredrik legg på til 1-8 etter å ha dribla av eit par Førde-gutar. Magnus fastset resultatet til 1-9 når han frå skrått hald til høgre for målet dunkar til ballen, ei kanonkule, på halvspretten fem minuttar før slutt.

Ein komfortabel siger mot eit Førde 5 som består av spelarar fødde i 2004. Det vart ein kamp der vi hadde mykje ball og skapte mange sjansar.

Tambarskjelvar sitt lag frå start (3-4-1): William; Martin, Jørgen, Vidar; Magnus, Odin, Fredrik, Alexander N; Matias; Kristen, Aleksander S, Bendik.

Alle spelarar fekk i overkant av ein omgangs speletid. Dette var første smågutekamp for William, Martin, Kristen og Bendik som alle klarte seg bra.

Ref.: Espen Eithun Langedal.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse