Poenget glapp i siste sekund mot Hafslo

Foto: Merete Svalheim Standal.

Det går mot slutten av ein lang fotballsesong for laga til Tambar Fotball, og mandag kveld spelte Tambar sitt 9er smågutelag sesongens siste kamp då dei møtte Hafslo til kamp på Naustdal stadion.

I haustens 1.divisjonserie har Tambar møtt god motstand, og gutane frå Indre Sogn vann 4-0 då laga møttes til kamp i Hafslo tidligare i haust.

Det var Tambar som kom best i gang på stadion, og kunne gå opp i 1-0 leiing etter scoring av Joakim Dale tidleg i første omgang. Tambar gjekk til pause med 2-0 leiing etter at Odin Svoen scora på ein susar av eit langskot.

I andre omgang tok gjestane frå Sogn meir over styringa i kampen, og reduserte til 1-2 og utligna til 2-2 midtvegs i omgangen. Tambargutane jobba og sleit, og stod godt på i denne omgangen, utan å kome til dei heilt store målsjansane. Litt surt var det for laget at den avgjerande scoringa til Hafslo skulle kome berre sekunder før ein god dommer, Martin Hukset , bles av kampen. Dermed kunne gutane frå Sogn gå jublande av bana med ein 3-2 seier.

Tabell


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse