SMG: Spennande då Tambar vann mot Sogndal

Smågutelaget til Tambar tok mandag kveld imot Sogndal på Naustdal stadion i 1.divisjon avdeling 1. Det vart eit spennande oppgjer, der vinnarmålet kom heilt på tampen av kampen.

G13/14 1.divisjon avd.1

Tambar-Sogndal 4-3 (2-3)
1-0 Aleksander Nordbotn
1-1 Sogndal
1-2 Sogndal
1-3 Sogndal
2-3 Vidar Standal
3-3 Aleksander Nordbotn
4-3 Magnus Stutsrud

BILDER FRÅ KAMPEN

Tambar kom best i gang mot laget frå vakre Sogn, og kom til fleire gode målsjanser tidlig i omgangen. Det var difor heilt på sin plass at det var Tambargutane som gjekk opp i leiinga, etter scoring av Aleksander Nordbotn. Men gjestane frå Sogndal var frampå berre minutter seinare og utligna til 1-1. Ytterliggare to mål vart sett inn av Sogndal, før Tambar reduserte til 2-3 med eit glimrande utført frispark av Vidar Standal. Dette var også stillinga til pause.

Andre omgang var jamnspelt mellom laga, men der Tambar hadde mest vilje til å vinne kampen. For då Aleksander Nordbotn utligna til 3-3, kunne kampen fort bikka begge vegar, og det vart ein spennande avslutning på kampen. Men i siste minutt set Magnus Stutsrud spikaren i kista, når han set inn vinnarmålet til Tambar og laget kan juble for ein fortent 4-3 seier mot gutane frå Sogndal.

God dommer var Martin Hukset.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse