Jentene gode då smågutelaget vann i kveld

Tambar sitt smågutelag i 7er-serien, møtte tirsdag kveld Eikefjord til kamp på Naustdal stadion. I eit heller nitrist og småkaldt haustvær, gjorde Tambarlaget alt for å varme oss på sidelinja. Og heile fjorten gonger kunne vi applaudere for fine mål frå Tambarlaget. Også Eikefjord sitt eine mål var av den fine sorten.

Tambar hadde grei kontroll frå start til mål, og kunne gå til pause med ein 4-0 leiing. I andre omgang dominerte heimelaget endå nokre hakk opp, og sette inn heile ti mål denne omgangen. Med eit fint mål av Eikefjord i denne omgangen, enda kampen med heile 14-1 til Tambar.

I dagens smågutekamp fekk to av Tambars småjenter mykje speletid. Både Henriette Grimseth og Una Thingnes (bilde) har trena litt med smågutane i haust, og trener Håkon Svoen tok dei med i tirsdagens kamp.

Og jentene bemerka seg positivt ute på bana, og viste at dei stod godt til nivået til gutane. Henriette var stadig ein trussel på venstrekanten, og scora eit flott mål då ho sendte Tambar opp i 2-0 i fyrste omgang. Una var tryggheiten sjølv, der ho rydda opp og stoppa mange målsjanser i forsvaret.

Jentene var svært nøgde med sin eigen innsats, og laget sin storseier i kveldens kamp. Også trener Svoen har berre godord å sei om jentene sin innsats i smågutekampen.

Svein Arne Nordheim hadde full kontroll som dommer.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse