Jamnt i årets første 1.divisjonskamp

Tambar sitt 9er smågutelag hadde ein flott vårsesong, og kjempa i toppen av tabellen heile vegen fram til sommarferien. Laget enda til slutt på 3.plass med 18 poeng, bak Jølster med 20 poeng og Førde 4 med 21 poeng.

Den gode innsatsen i vårsesongen, gjorde att fotballkretsen meinte laget fortente ein plass i 1.divisjon for haustsesongen.
Her møter Tambargutane desse laga: Sogndal, Hafslo, Førde 4, Hyllestad og Dale.

Lagets fyrste haustkamp vart spelt på Naustdal stadion mandag kveld, og motstander var Førde 4. Det vart ein jamnspelt kamp i haustene første 1.divisjonskamp. To uheldige innvolveringar i Tambarforsvaret, gjorde at gjestane frå Førde kunne gå til pause med 2-0 leiing.

Også andre omgang var jamnspelt, og spenning i kampen vart det då Tambar fekk ein velfortent redusering til 1-2 ti minutter før slutt.
Tambar pressa på for å få ei utligning på slutten, og kom til fleire gode målsjanser. Men gutane frå Førde holdt unna, og kunne med det gå av bana med seier 2-1.

God dommer var Martin Hukset.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse