Smågutane vann toppkampen mot Jølster

Tambar sine smågutar møtte mandag kveld Jølster til 9er kamp på Naustdal stadion. Dette var rundens toppkamp, ettersom Jølster toppa tabellen med 13 poeng, medan Tambar låg som nummer to med 9 poeng.

Kampen var jamnspelt dei første minutta, før Tambar tok over føringa i kampen. Laget viste mykje bra spel og kom til fleire gode målsjanser. Tambargutane leda fortent 1-0 til pause.

Tambar fortsette presset og det gode spelet i andre omgang, og scorar ytterliggare to mål. Gjestane kjem til nokre halvsjanser gjennom kampen, og scorer sitt mål på straffespark.

Dermed vert Jølster påført sitt første tap for sesongen, med Tambar sin fullt fortente 3-1 seier. Dette var sikkert også ein deilig revansje etter 2-4 tapet Tambar hadde mot Jølster tidligare i vår. Tambar rykka med denne seieren heilt opp i ræva på Jølster på tabellen. Sjå tabell.

Måla til Tambar vart scora av Martin Personbråten (2) og Magnus Studsrud.

Thomas Dobbe Personbråten hadde god kontroll som dommer.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse