Knepent tap for SMG 7er mot Dale i kveld

Tambar har denne sesongen mange smågutespelarar til rådigheit, og mønstrar om lag 20 i talet på treningane. Trenarane Geir Personbråten og Håkon Svoen bestemte seg difor før sesongstart å melde på lag både i 7er- og 9er serien i klasse G13/14, for at alle spelarane skulle få mykje speletid i år.

I kveld var 7er laget i aksjon på Naustdal stadion, då dei møtte Dale til kamp.

Laget fekk ein tøff start når gjestane tok leiinga like etter kampstart. Og med nok ei scoring til Dale, låg Tambargutane under med 0-2 til pause.

I andre omgang var det eit heilt anna Tambarlag som kom på bana, og ifylje trenar Geir Personbråten hadde laget fortent minst eit poeng i kveld. Men sjølv med god innsats og bra spel frå gutane til Tambar, måtte dei gå av bana med eit knepent 2-3 tap.

Tambar sine mål vart scora av Fredrik Herstad og eit sjølvmål av Dale.

God dommer: Martin Hukset.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse