Smågutelaget vann toppkampen mot Førde 1 med heile 7-2

G13/14 2.div avd.2
TAMBAR-FØRDE 1 7-2 (4-1)

Tambar sitt smågutelag vart i kveld vinnar av G13/14 9er avdeling 2, då dei vann sin siste kamp for sesongen. Motstander på Naustdal stadion var Tambar sin argaste motstander og nummer to på tabellen. Men for å passere Tambar måtte gutane på Førde 1 slå det gode Tambarlaget med tosiffra resultat i kveldens kamp.

Tambar gjorde det fort klart at dei langt i frå skulle ha noko feilskjer i innspurten, og laget gjekk opp i 1-0 leiing etter sju minutter spel. Tambargutane viste mykje flott spel i haustens siste kamp, og mange av måla kom etter flotte angrep. Til pause var stillinga 4-1 til Tambar, som hadde grei kontroll i denne omgangen.

I andre omgang bytte trenar Håkon Svoen og Geir Personbråten ut nesten heile laget som spelte omgangen før. Inn kom laget sine 2002 og 2003 spelarar, utan at dette skulle svekke laget. Desse gutane, som dei eldre gjorde i fyrste omgang, jobba godt gjennom omgangen og lot aldri Førdegutane få kome skikkeleg inn i kampen.

Med ytterliggare tre mål til Tambar i den siste omgangen, vart det ein konfortabel og klar 7-2 seier. Dermed kan laget og trenarane juble for ein flott haustsesong, som i kveld vart kruna med tittel som avdelingsvinner.

Tambar hadde heile seks målscorar i kveld, der desse sette ballen i Førdemålet: Michael (2), Ragnar, Rodney, Joakim, Marius og Simon.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse