Smågutane nærmare avdelingsvinner etter seier i Florø

Tambar sitt smågutelag er eit steg nærmare som vinnar av avdelinga si, etter at laget møtte Florø 3 på bortebane mandag kveld. Trenar Håkon Svoen er godt nøgd med prestasjonane til gutane, og har sendt oss denne kamprapporten: "Florø 3-Tambar 0-2 (0-1) 0-1 Emil 0-2 Emil Tambar reiste i kveld til Florø med 12 spelarar for å spele nest siste kamp i haustserien. Tambargutane var litt forsiktige og nølande i starten på kampen. Dette gjorde at dei fyrste 10 -15 minuttane vart jamspelte og begge lag kom til gode sjansar. Men etterkvart tok Tambar føringa og Emil stanga inn eit flott mål etter eit godt innlegg av Harald Johannes. Tambar dominerer 1 omgang etter dette, og har vidare mange gode sjansar, fleire skot i tverrleggjar og fleire stangskot. Resultatet til pause burde vore meir og beire enn 1-0. Andre omgang starta der 1. slapp, med eit massivt press av Tambar, og etter 10 min putta Emil sitt andre mål etter å ha finta ut heile Florø forsvaret . Etter 2. mål vert spelet til Tambar litt rotete, det verkar som laget tek sigeren på forskot og vi blir vel offansive. Dette gjer at Florø får nokre gode sjansar mot slutten. Alexander hadde ein kanonredning då han redda eit godt plassert straffespark frå Florø. Tambar kunne vende til Naustdal att med siger og eit steg vidare mot målet om å verte puljevinnar. Innsatsen til smågutane var i dag god, det var mange 13 åringar som fekk spele mykje i dag og dei synte god innsats og lagånd. Godt jobba av alle saman! "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse