Smågutelaget fortsatt på tabelltopp trass tap i kveld

Dalatrekken var ekstra kald på Naustdal stadion i kveld, og dei oppmøtte tilskuarane holdt på å fryse av seg både det eine og andre i den kjølige gufsen. Men dette såg ikkje til å hemme verken Tambar eller Førde 2, då dei to laga møttes til kamp i flomlyset. Og med ei tidleg leiing til Tambar, kunne vi håpe på at dette skulle bli ein kamp som skulle holde varmen i oss på sidelinja. Tambar brende fleire store sjanser tidleg i omgangen, og skulle vel strengt tatt leda meir enn det eine målet kraftkaren, Ragnar Holme, scora etter 5 minutter. Førde 2 benytter den eine sjansen sin godt, då dei er frampå og utligner etter om lag 20 minutter. Tambar fortset å skape sjanser og har godt kontroll på gjestane frå Førde, men laget har ikkje heilt marginane med seg framfor mål i dag. Dermed går laga til pause på stillinga 1-1, noko Førde 2 må være mest nøgd med. Andre omgang blir ein jamnspela omgang, der Førde 2 var det mest effektive laget og fekk uttelling på sjansane sine. Med tre scoringar til gjestane, og kun ei scoring (Sander Holme Smådal) til Tambar i denne omgangen, vert resultatat 4-2 til Førdelaget når vi oppsummerer begge omgangane. Dermed gjekk Tambar på sitt første tap for hausten, men laget ligg fortsatt på tabelltoppen etter kampen i kveld, og har fortsatt gode sjanser til å bli avdelingsvinner.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse