Smågutelaget med storseier mot Førde 5 i kveld

Tambar Fotball hadde full kontroll frå start til slutt, då dei møtte Førde 5 til kamp på stadion mandag kveld. Tambargutane tok med det sin femte strake seier denne hausten etter at laget frå Førde måtte reise heim med heile 0-12 i bagasjen, og gutane til Svoen/Personbråten tryggar med det plasseringa på toppen av tabellen. Heile sju spelerar kom på scoringslista i kveldens kamp, der desse scora: Michael (5), Joakim (2), Harald Johannes, Rodney, Sander, Stian og Vidar.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse