Smågutelaget med bra innsats i Førde Cup

Tambar sitt smågutelag deltok i helga på Førde Cup i Hafstadparken, og gjorde ein bra figur der. Laget vann tre kampar, blant anna slo dei Sogndal 3-0, tapte to og spela ein uavgjort. I dei to kampane laget tapte, spela dei jamt både mot Florø 1 og Førde 2, men denne gongen bikka det feil veg for Tambarlaget. Tambar, som spela 11er fotball i denne cupen, hadde fått med seg småjentespelarane Elise Dobbe Personbråten og Ingrid Ask Nordnes. Dei greide seg godt ilag med gutane. Resultata frå Tambar sine kampar: Tambar-Førde1 8-0 Tambar-Sogndal 3-0 Tambar-Florø2 0-0 Tambar-Florø1 0-1 Tambar-Førde2 1-2 Tambar-Førde3 4-1

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse