Ny borteseier for smågutelaget i Førde

Tambar sitt smågutelag vann også sin andre kamp denne hausten då dei spela bortekamp mot Førde 2 mandag kveld. Tambar stilte med ein fin miks av 12, 13 og 14 åringar til denne kampen, og møtte eit Førdelag som var eit reint 14 års-lag. Tambar kunne returnere til Naustdal med ein sterk 6-4 seier, etter at stillinga til pause var 1-1. Lagleiar Bjarte Røyseth har sendt oss denne fyldige rapporten frå kveldens kamp i Førde: « Tambar møtte Førde 2 til kamp i Hafstadparken i kveld, der Tambargutane trakk det lengste strået i ein jamnspelt kamp og vann 6-4. Tambar stilte i kveld eit lag med blanding av 12-13 og 14 åringar, og laget tok leiinga etter 10 minuttar då Ragnar sette inn 1-0. Førde 2 var frampå like etter og utligna til 1-1, noko som også var resultatet til pause. Også i andre omgang var det Tambar som scora først, då Sander sendte Tambar opp i 2-1 leiing etter fem minutter spel. Tambar hadde bra kontroll på Førdegutane i fyrste del av andre omgang, og Michael auka til 3-1. Men Førde 2 kom sterkt tilbake i omgangen, og Tambargutane måtte verkeleg stå på for å dra seieren i land, og enda til slutt med 6-4 til Tambar. Måla til Tambar vart scora av: Michael (3), Sander (2) og Ragnar (1). «

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse