Smågutelaget banka Førde 5 på bortebane

Tambar sitt smågutelag enda på tredje plass på tabellen i vårsesongen med 12 poeng, bak Florø 1 og Førde 3, som begge to sanka 15 poeng. Nye poeng skal delast ut i den komande haustsesongen, der Tambar har fått nye lag i si pulje dei skal spele mot. Og det vart ein pangstart for Håkon Svoen sine gutar, då dei åpna hausten med bortekamp mot Førde 5 mandag kveld. Laget kunne returnere til Naustdal med ein solid 8-0 seier, etter å ha leda 3-0 til pause. Emil Savland Røyseth vart kampens målkonge, etter at han sette inn alle tre måla før pause. I andre omgang var han ikkje snauare på det, og tegna seg for ytterliggare tre nettkjenningar. I tillegg til Emil, scora også Eirik Bygstad og Michael Johanssen eit mål kvar. Neste kamp spelar laget nok ein bortekamp, då dei møter Førde 2 i Hafstadparken. Lagets første heimekamp i haust, går på Naustdal stadion mandag 7.september mot Florø 3.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse